Trailertilhengar velta på E39

SPERRAR VEGEN: Det har samla seg lange køar på begge sider av uhellsstaden.

SPERRAR VEGEN: Det har samla seg lange køar på begge sider av uhellsstaden. Foto:

Vegen er no opna att for fri ferdsel.

DEL

Vegen vart like før klokka 17.00 stengt i to timar på grunn av bilberging. Klokka 19.02 vart det meldt av Vegtrafikksentralen vest at eitt felt er opna opp, og at det pågår manuell dirigering på staden. Klokka 20.19 kom meldinga om at vegen no er opna for fri ferdsel.

Ein tilhengar på ein trailer velta ved E39 på Helvikneset i Høyanger kommune i 13-tida.

Helvikneset ligg mellom Aven og Alværa, nokre kilometer før ferjekaia i Lavik når ein kjem sørover.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 12.47.

– Det er ingen personskadar, men køyretøyet blokkerer heile vegen. Det er diesellekkasje på staden også, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda.

Årsaka til ulykka er ukjent.

UTFOR VEGEN: Det kan sjå ut som om tilhengaren først hamna utfor vegen, for så å velte inn i vegbana.

UTFOR VEGEN: Det kan sjå ut som om tilhengaren først hamna utfor vegen, for så å velte inn i vegbana. Foto:

– Brannbil, politi og entreprenør er på veg til staden. Vi har ikkje fått melding om kø enno, men det hopar seg nok fort opp, seier Kolltveit.

Ein firdatipsar på veg til Bergen i buss kom til ulykkesstaden like etter at hendinga skjedde. Det skal vere lange køar i området, opplyser vedkommande.

PÅ STADEN: Politiet er no framme ved ulykkesstaden på E39.

PÅ STADEN: Politiet er no framme ved ulykkesstaden på E39. Foto:


Artikkeltags