Fleire fiskar ulovleg. Det vil politiet ha stopp på

FISKE: Politiet har tidlegare gitt ut bøter til folk som har fiska ulovleg i Høyanger. På bildet ser vi Daleelva. Ved innløpet til denne elva har folk tidlegare fiska ulovleg. 

FISKE: Politiet har tidlegare gitt ut bøter til folk som har fiska ulovleg i Høyanger. På bildet ser vi Daleelva. Ved innløpet til denne elva har folk tidlegare fiska ulovleg.  Foto:

Det er slett ikkje lov, men fleire finn seg likevel til rette med fiskestonga si.

DEL

Politiet i Høyanger har fått fleire tips frå folk om at det blir fiska laks ved Osen og ved kraftstasjonen i Høyanger.

– Dette er strengt forbode, seier Kåre-Jan Hofrenning, politioverbetjent i Høyanger og Balestrand.

Her er det forbode å fiske året rundt. Blir du oppdaga, risikerer du å bli politimeldt.

Men det er fleire stader i Høyanger der det blir fiska utan at det er lov. Politiet går ut på Facebook og minner folk om at laksefiske vart ulovleg frå og med 1. september i gitte område.

Dette forbodet er sjølvsagt gjeldande andre stader i distriktet også, skriv politiet.

– Fiskarane er pliktige til å sjølv vite kvar og kor tid dei kan fiske, seier Hofrenning til Firda.

Politiet har tidlegare år gitt ut bøter til folk som har fiska ulovleg. Dette gjeld då elveinnløpet til Daleelva, seier politimannen.


Artikkeltags