Melder oppdrettar til politiet

NEKTAR Å GJE SEG: Frå venstre Rolf Torvund, Ørjar Nydal, Hanne Berit Nydal, Vidar Kongsrud og Rune Hjelmeland som står samla i kampen mot Osland havbruks oppdrettsanlegg på Torvundsvikja.

NEKTAR Å GJE SEG: Frå venstre Rolf Torvund, Ørjar Nydal, Hanne Berit Nydal, Vidar Kongsrud og Rune Hjelmeland som står samla i kampen mot Osland havbruks oppdrettsanlegg på Torvundsvikja. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Naboar til Osland Havbruks oppdrettsanlegg på Torvund meiner mange tilhøve knytt til etableringa er sterkt kritikkverdige.

DEL

– Det er utruleg at eit oppdrettsanlegg kan plasserast på ein konfliktfylt lokalitet som Torvundsvikja, seier Rolf Torvund.

Han er ein av fleire naboar som i årevis har kjempa mot oppdrettsanlegget som ligg om lag midt mellom Vadheim og Lavik i Høyanger kommune.

Etter at Fiskeridirektoratet i november 2015 slo fast at næringsavdelinga i Sogn og Fjordane gjorde mange sakshandsamingsfeil, vart det likevel gjeve løyve til at anlegget kunne etablerast.

No meiner naboane at oppdrettaren ikkje har fått formelt løyve til å plassere ein fôringsflåte ved anlegget, og dei er òg misnøgde med støy- og lysplager som anlegget fører med seg. Dei reagerer difor sterkt på at oppdrettaren søkjer om endra plassering av fôrflåten dei meiner er ulovleg i utgangspunktet.

Sterk motstand

– Det er svært sterk motstand mot oppdrettsanlegg her på Torvund. Men protestar frå fastbuande og hyttefolk nyttar ikkje, oppdrettsnæringa får igjen viljen sin, seier Torvund som får støtte av Vidar Kongsrud.

– Frå huset mitt ser eg rett ned på anlegget, og eg ønskjer det så langt vekk som mogeleg. Vi blir plaga av ureining i form av støy for fôring og straumaggregat, pluss av sterkt flomlys, seier Kongsrud.

Han spør seg kvifor det ikkje er landstraum på eit anlegg som ligg så nær folk, og om kvifor lyskastarane må stå på heile tida.

Kongsrud forstår heller ikkje kvifor oppdrettsnæringa kan sleppe fôrrestar, medisinar og avføring rett ut i fjorden, medan landbaserte næringar er underlagt strenge miljøkrav.

– Eit oppdrettsanlegg slepper ut tonnevis med ureinsa avfall. Men får ein bonde lekkasje på gjødsellageret, kjem lensmannen. Kvar er logikken?

Ein annan nabo, Ørjar Nydal, har gått lengst for å stoppe Osland Havbruk. Mellom anna ved søksmål, og ved å melde selskapet til politiet.

– Eg har ikkje fått tak i dokument der løyve til fôrflåten er nemnd med eit einaste ord. I tillegg vart ikkje straummålingane i 2008 gjennomført der anlegget er, mellom anna fordi straummålaren sleit seg og vart funnen att langt vekke. Begge desse forholda har eg meldt til politiet, avsluttar Nydal.

Avviser kritikken

Oppdrettar Erik Jarle Osland avviser det meste av kritikken, men vedgår at selskapet ikkje har løyve til dagens plassering av fôrflåten.

– Løyvet til plassering av fôrflåten var ein del av løyvet frå Kystverket i 2010. Sidan vi berre har lagt ut seks av åtte merdar, trudde vi at det var uproblematisk å plassere flåten innanfor arealet vi disponerer. Men forvaltinga meiner at endra plassering må søkast om, difor gjorde vi det, seier Osland.

Han meiner òg at straummålingane frå 2008 er i orden, sjølv om måleutstyret dreiv vekk.

– Vi har teke nye målingar, og dei stadfestar at straumtilhøva på Torvundsvikja er tilfredsstillande.

Artikkeltags