Ber næringssjef Søreide stanse lovbrot

HØYANGER: Askel Rødland er ein av fleire naboar som protesterer mot lossing og lasting av tømmer i strid med lover og reglar. (Arkivfoto.)

HØYANGER: Askel Rødland er ein av fleire naboar som protesterer mot lossing og lasting av tømmer i strid med lover og reglar. (Arkivfoto.) Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HØYANGER: Naboar til næringsparken i Vadheim reagerar sterkt på tømmerlossing og tømmerlasting som dei meiner ofte skjer i strid med reglane om natte- og helgedagsfred.

DEL

Ved fleire høve har naboar til næringsparken i Vadheim klaga til Høyanger kommune og Høyanger Næringsutvikling for å få stansa lossing og lasting av tømmer på nattetid, søndagar og andre helgedagar.

Ein av naboane som klagar, er Askel Rødland som ved fleire høve har freista å få kommunen til å gripe inn mot lossing og lasting som Rødland meiner er brot på lova om helgedagsfred.

Rødland syner til at det søndag 1. pinsedag vart starta lasting av tømmer klokka 09:00, og at det kom ein ny båt om lag klokka 11:25 same dag og starta lasting av tømmer.

Søndag 12. juni skriv Rødland ein ny epost til kommunen, og gjer merksam på at det på ny låg eit stort skip og lasta tømmer.

Rødland har òg kontakta næringssjef Terje Søreide i Høyanger næringsutvikling.

– For naboane er dette likestilt med industriell støy, skriv Rødland og legg til at det og har vore lossing av tømmerbilar etter klokka 23:00.

Artikkeltags