Vil plante 125 meter hekk langs med kyrkja

FREDA: Kyrkjebø kyrkje erstatta i 1869 ei gamal tømmerkyrkje som vart bygd om lag 1590-1600. Den gamle kyrkja stod om lag 25 meter lenger aust/nordaust enn dagens kyrkje. Kyrkjegardsmuren vart pålagt utbetra i 1774; den skulle vere 2 alen høg, 2 alen breid i botnen og 1 alen breid øvst.

FREDA: Kyrkjebø kyrkje erstatta i 1869 ei gamal tømmerkyrkje som vart bygd om lag 1590-1600. Den gamle kyrkja stod om lag 25 meter lenger aust/nordaust enn dagens kyrkje. Kyrkjegardsmuren vart pålagt utbetra i 1774; den skulle vere 2 alen høg, 2 alen breid i botnen og 1 alen breid øvst. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HØYANGER: Høyanger kyrkjelege fellesråd ønskjer å plante ein om lag 125 meter lang hekk mellom Kyrkjebø kyrkje og fylkesveg 55.

DEL

Høyanger kyrkjelege fellesråd har 118.000 kroner i unytta investeringsmidlar etter å ha vøla kyrkjene i Ortnevik og Bjordal.

På vegner av fellesrådet søkjer kyrkjeverje Bjarne Bjørnar Otterstein Høyanger kommune om å få omdisponere om lag 50.000 kroner til å få planta ein hekk ved kyrkjegardsmuren langs med fylkesveg 55.

– Muren er på det høgste om lag 170 centimeter høg, og av tryggjingsgrunnar må vi få opp eit fysisk og visuelt hinder i om lag 100 - 125 meters lengde, skriv Otterstein.

Ifølgje Ottersteins brev til kommunen er prosjektet kostnadsrekna til om lag 50.000 kroner, og skal arbeidet utførast av utestasjonen ved Høyanger kommune.

– Dersom tiltaket vert utsett til neste budsjettår, vil prisen - etter det vi får opplyst - auke med om lag 10.000 kroner, skriv kyrkjeverja.

Kyrkjeleg fellesråd ønskjer òg å få lagt nytt takdekke på klokketårnet på gravplassen Tunga i Høyanger. Det er kostnadsrekna til 71.500 utan meirverdiavgift.

Artikkeltags