Høyanger kunstlag kåra til årets kunstforeining

STOLT: Reidun Haugnes er stolt over at Høyanger Kunstlag vart kåra til Årets Kunsforening 2018. Her frå då ho mottok prisen søndag 12. mai.

STOLT: Reidun Haugnes er stolt over at Høyanger Kunstlag vart kåra til Årets Kunsforening 2018. Her frå då ho mottok prisen søndag 12. mai. Foto:

I konkurranse med 150 andre, vann kunstlaget i Høyanger prisen, saman med eit kunstlag frå Kongsberg. Det betyr 15 000 kroner til kvar av dei.

DEL

– Utmerkinga Årets Kunstforening 2018 vert delt mellom Høyanger Kunstlag og Kongsberg Kunstforening. Årets jury har valt å gje prisen til to svært ulike, men like inspirerande kunstforeiningar. På kvar sin måte representerer dei det viktige arbeidet som vert gjort i mangfaldet av kunstforeiningar landet over, skriv Norske kunstforeninger i ei pressemelding.

– Dette var veldig overraskande, men vi synest også det er vel fortent! Vi har lagt ned ein stor

frivillig innsats for kunsten, sa Reidun Haugnes frå Høyanger då ho tok imot prisen.

Har jobba for galleri i 20 år

Med stort engasjement og målretta arbeid har Høyanger Kunstlag jobba i nær 20 år for å få sine eigne lokale. Det gjorde dei då Gunnar S. Galleriet endeleg opna 29. november 2018.

– Eg er veldig takknemleg, det er kjekt å kunne avslutte mi tid i kunstlagsstyret med ei slik utmerking, etter å ha jobba for å få på plass galleriet i 20 år, seier Haugnes.

Ho ønsker også å gje ros til Høyanger kommune for det gode samarbeidet om Gunnar S. Galleriet, og for at kommunen har valt å prioritere kunsten.

Artikkeltags