Over for Saint Jean Wheels i Høyanger: I dag fekk 34 beskjed om at dei mister jobben

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Hjulproduksjonen tek slutt frå nyttår, og attståande produksjon vil bli flytta til USA.

DEL

Klokka 09.00 onsdag vart dei tilsette ved Saint Jean Wheels AS informert om at det no blir stopp for hjulproduksjon i Høyanger frå nyttår.

Det var 34 tilsette ved Saint Jean Wheels i Høyanger – inkludert folk som går på korttidskontraktar. Alle mister no jobben.

Fabrikksjef Pierre Ansay gav dei tilsette beskjeden, og med seg hadde han også ordførar i Høyanger, Petter Sortland.

Den attståande produksjonen til Saint Jean Wheels i industribygda vil no bli flytta til USA, fekk media vite før dei tilsette fekk beskjeden.

Ansay peikar på sviktande økonomi og manglande sal som årsaka til at drifta no blir lagt ned.

Negativt årsresultat i fjor

Då Firda skreiv om felgprodusenten i starten av året, var det klart at bedrifta hadde rekordinntekter i 2017. Trass i dette var dei langt unna å kunne få lønnsam drift.

Stadige investeringar, høge produksjonskostnadar og store utfordringar knytt til produksjon av felgane gjorde at selskapet då enda med eit negativt årsresultat på 79 millionar kroner.

Men den lønnsame drifta uteblei. No er det altså slutt for produksjonen i Høyanger.

Eigd av fransk selskap

Saint Jean Wheels vart stifta i 2010, etter at Fundo Wheels gjekk konkurs i 2009.

Det franske selskapet Saint Jean Industries (SJI) eig felgfabrikken i Høyanger. Dei har heile tida vore svært tydelege at dei skal lukkast med å få til lønsam produksjon.

Til dømes vart noverande fabrikksjef Pierre Ansay, handplukka for jobben med å få til lønsam felgproduksjon i bygda, då han vart fabrikksjef og flytta til Høyanger i 2016.

Denne tysdagen måtte belgiaren informere dei tilsette om at dette ikkje har lukkast.

Firda kjem tilbake med meir om nedlegginga.


Artikkeltags