Gå til sidens hovedinnhold

– Dei har fridom til å ta eigne val

Artikkelen er over 5 år gammel

Norsk Mottaksdrift AS om dei sveltestreikande

Regionleiar Ronja Trolie i Norsk Mottaksdrift AS seier sveltestreiken er ein reaksjon på den lange behandlingstida i UDI.

– Må tenke på eige ve og vel

– Bebuarane har over tid sagt at dei har reagert på saksbehandlingstida. Mottaket har hatt informasjonsmøte om dette på mottaket og i bueiningane tidlegare, seier Trolie og legg til at det også skulle vere eit nytt møte tysdag, men at ingen dukka opp.

– Kva gjer mottaket i denne saka no?

– Sveltestreiken er enno i ein tidleg fase, men vi oppmodar bebuarane om å tenke på eige ve og vel. Men det å bu på mottak er å ta ansvar for eige liv. Dei har fridom til å ta dei vala dei sjølv ønsker.

Les også: Leiar 24 syrarar i sveltestreik på torget i Høyanger

Uråd å påverke saka

Regionleiaren seier det er uråd for dei å påverke saksbehandlingstida.

– Vi har tidlegare gitt rettleiing til bebuarane om korleis dei kan skrive brev til UDI og lufte synspunkta sine på saka. Det er også ein betre måte å kommunisere med UDI på, seier Trolie.

– Vil de sjå til dei som sveltestreikar?

– Desse spørsmåla må du stille UDI. Alt mottaket gjer i denne saka er etter tett dialog med dei og vi kjem til å rådføre oss med UDI framover, seier Trolie.

Kommunen står klare

Rådmann Arve Varden har orientert dei aktuelle helseinstansane i kommunen om sveltestreiken som no går føre seg.

– Slik situasjonen er no er det ingenting vi kan gjere. Vi vurderer saka fortløpande og har dialog med politiet og mottaket. Vi har ikkje fått melding om at det er fare for liv og helse per no og har difor ikkje løyst ut ressursar enno, seier Varden.

Helsesøstera som jobbar opp mot mottaket, kommunelege og heimetenesta er blant dei instansane som står klare.

Høyanger statleg mottak har 150 bebuarar som bur desentralisert i einebustader og leilegheiter. Mottaket blei oppretta i november 2014.

Kommentarer til denne saken