– Det er som å delta i verdsmeisterskap kvar dag

Hydro sitt verk i Høyanger kan syne til eit overskot før renter og skatt på 22 mill.

Hydro sitt verk i Høyanger kan syne til eit overskot før renter og skatt på 22 mill. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Hydro i Høyanger og Årdal leverte overskot på 42 millonar

DEL

Etter dei tre første månadane i 2016 sit Hydro Høyanger att med eit overskot på 22 mill. før renter og skatt.

– Svært god utvikling 

Salsvolumet har auka med 15 prosent samanlikna med første kvartal i fjor. Likevel er resultatet svakare enn i 2015. Årska er lågare prisar på aluminium. 

Samstundes bidreg svekkinga av kronerkurset til at resultatet blir positivt.

– Drifta ved fabrikken syner ei svært god utvikling, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding. 

Verket satsar på ny støypeteknologi som gjer at dei kan levere større spekter av aluminiumsprodukt.

Hydro Årdal: 20 mill. i pluss

Medan Hydro i Høyanger hadde 22 mill. i pluss før renter og skatt, kan verket i Årdal syne til 20 mill. etter årets tre første månader.

Straumbrot i januar påverkar resultatet negativt, mens produksjonsrekord i karbonfabrikken trekkjer resultatet opp.

– Resultatet for første kvartal er prega av straumbrotet vi hadde i slutten av januar, forklarar fabrikksjef Egil Fredriksen i ei pressemelding.

Verket måtte då stenge ned ti prosent av produksjonskapasiteten.

Men karbonfabrikken sin  produksjonsrekord på 47.267 tonn anoder, har fått pilene til å peike oppover:

– Dette er eit godt eksempel på at organisasjonen vår har mykje å vere stolt over, seier Fredriksen.

Hydro sitt verk i Årdal kan vise til 20 mill. i pluss etter årets tre månader.

Hydro sitt verk i Årdal kan vise til 20 mill. i pluss etter årets tre månader. Foto:

Framleis overproduksjon i verda

Produksjonen og etterspurnaden av aluminium vil vere omtrent i balanse i 2016, meiner Hydro. Men den kinesiske eksporten vil halde fram med å presse prisane i vestlege marknader.

– Det er framleis slik at kineserne produserer meir aluminium enn dei sjølv har behov for, og dette har i lengre tid bidrege til lågare priser også i dei marknadane vi leverer til, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i Høyanger.

- Verdsmeisterskap kvar dag

Hydro vil innan utgangen av 2019 betre lønsemda i selskapet med 2,9 milliardar kroner. Men skal Hydro Høyanger greie å bidra til dette målet, må det betydlegeg forbetringar til.  

– Å produsere aluminium er som å delta i eit verdensmesterskap kvar einaste dag. Konkurransen blir stadig tøffare, og derfor må vi hele tida forbetre oss. Men dette er ikkje noko nytt for oss,  seier Eldegard.

Vil bruke vindkraft

Hydro har inngått kraftkontraktar med selskapa som står bak den planlagde vindkraftparken på Fosen, som skal vere det første i verda som brukar fornybar vindkraft til aluminiumproduksjon.

– Med både vasskraft og vindkraft i kraftmiksen er dette med på å sikre at aluminium frå dei norske vasskraftr det grønneste metallet i verda, seier fabrikksjefen i Høyanger, Wenche Eldegard.

Artikkeltags