Gå til sidens hovedinnhold

Metallverket i Høyanger fekk pris for nyskapande løysingar

Artikkelen er over 3 år gammel

HØYANGER: Hydros elektrolyseverk i Høyanger fekk prisen for å ha fjerna fleire høgrisikofaktorar ved hjelp av nyskapande tekniske løysingar.

Det var under torsdagens årlege leiarsamling innan Hydros forretningsområde «primærmetall» at elektrolyseverket i Høyanger som einaste verk fekk to prisar; Hydros innovasjonspris og pris for beste og mest motiverande operatørpresentasjon i 2017.

I alt vart det delt ut fem prisar. Verket i Høyanger var òg nominert til kvalitetsprisen, men den prisen gjekk til Hydro Karmøy.

– Dette er innovasjon på golvplan, der operatørane finn nye og smarte tekniske løysingar på arbeidsoppgåver som tidlegare har hatt høg risiko, seier Stian Moe Tangen som er Hydros fabrikksjef i Høyanger, til Firda.

Ekstraordinære forbetringar

Dei tekniske løysingane er utvikla i grupper med høg deltaking av tilsette som jobbar i produksjonen. Løysingane vil kome heile forretningsområdet til gode, og er ifølgje Hydro eit godt døme på at det er råd å oppnå ekstraordinære resultat og forbetringar når nybrotsarbeidet er godt forankra i heile organisasjonen.

Sikrare jobb

Mellom forbetringane Hydro Høyanger får pris for, er mellom anna utvikling av ein sikrare måte å jobbe på i samband med tapping av smelte som har ein temperatur på om lag 1000 grader Celsius. Arbeidet er meir automatisert slik at operatøren ikkje treng å vere i området.

Ei anna nyvinnande løysing som var medverkande til at verket i Høyanger fekk innovasjonsprisen, var at dei tilsette har utvikla ein sikrare måte når det skal utførast vedlikehald oppe på elektrolysecellene. Der operatøren tidlegare jobba høvesvis usikra, gjer kombinert bruk av stige og vaiersikring at operatøren ikkje skadar seg dersom han skulle miste balansen.

– Eg er veldig stolt over innsatsen og haldningane til dei tilsette ved metallverket i Høyanger. Dette er lagarbeid på alle vis. Og lagarbeid er grunnen til at verket i Høyanger lukkast på så mange område, trass i at vi er minst i Hydro, seier Tangen.  

Etter at produksjonen i Hydros støyperi i Høyanger vart lagt om, er produksjonen i all hovudsak retta mot å levere aluminiumslegeringar til eliten av internasjonal bilindustri.

Produksjon av aluminium:

  • Aluminium vert produsert ved hjelp av elektrisk kraft i eit elektrolyseverk. Det er ikkje som i eit smelteverk der både olje og gass kan vere energiberarer.
  • Produksjonen startar med bauksitt; ein leireliknande jordtype som finst i eit belte rundt ekvator.
  • Ved hjelp av lut og kalk vert bauksitten raffinert til aluminiumsoksyd, òg kalla alumina.
  • Neste steg i prosessen er ved metallverket der aluminiumsoksyden ved hjelp av elektrolyse vert omdanna til aluminium.
  • Litt forenkla trengs det tre ulike råvarer for å omdanne aluminiumsoksid til aluminium. Det er elektrisitet, aluminiumsoksid og karbon.
  • Elektrolyseprosessen skjer ved at elektrisitet vert leia mellom ein positiv anode og ein negativ katode som begge er laga av karbon.
  • Elektrisiteten går gjennom elektrolytten - kalla «bad» - som i all hovudsak består av aluminiumsoksid.
  • Karbonet i anoden reagerar med oksyngenet i aluminiumsoksiden, og dannar CO2. Resultatet er at flytande aluminium - som held om lag 1000 grader Celsius - vert danna og legg seg på botnen av elektrolysecella.
  • Sjølv om ein ikkje lagar aluminium berre ved å tilføre varme, så er høg temperatur ein heilt naudsynt del av prosessen.
  • Den flytande aluminiumen vert støypt til pressbolt, valseblokker eller andre støypelegeringar, alt etter kva den skal nyttast til.

(Kjelde: Hydro)

Kommentarer til denne saken