Nyrstar Høyanger nådde utsleppsgrensa for kvikksølv til Høyangsfjorden allereie i september i år.
No har Miljødirektoratet auka korttidsgrensa for kvikksølv til 50 gram i veka fram til 15. november i år. Langtidsgrensa vert femdobla for 2015, frå 200 gram i året til 1000 gram i året.
Nyrstar nyttar sjøvatn frå Høyangsfjorden i prosessen. I eit skriv til Miljødirektoratet ber Høyanger kommune om at eventuelt kvikksølvinnhald i fjordvatnet Nyrstar nyttar må trekkjast frå målingane, sidan det elles kan gje skeivt bilete av utsleppa frå Nyrstar.
Nyrstar svarar at det ikkje er kvikksølvinnhaldet i fjordvatnet inn i prosessen som gjer at grensa for utslepp av kvikksølv til Høyangsfjorden vert brotne, men at brotet på utsleppsløyvet skuldast tilhøve i Nyrstars prosess i Høyanger.
I 2014 braut Nyrstar fleire utsleppsgrenser til luft, pluss konsentrasjonsgrenser for bly, kadmium og sink til fjorden.
I tillegg rapportere Nyrstar for 2014 om utslepp av 2 kilo av det særs giftige stoffet seksverdig krom, eit stoff som Nyrstar har hevda ikkje finst i prosessen.