Selde for ein kvart million på fjorten dagar

SEL GODT: Helge Segrov under opninga av separatutstillinga i Høyanger.

SEL GODT: Helge Segrov under opninga av separatutstillinga i Høyanger. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

I Høyanger.

DEL

 - Når ein tenker på at det var i Høyanger, så er jo resultatet formidabelt, seier Helge Segrov sin manager Dag Dammen etter at Segrov selte kunst for 240 700 kroner på fjorten dagar.

Dammen er strålande glad for at Segrov si første separatutstilling på lenge vart ein slik suksess:

- Det har vore kjekt å være med det siste halvanna året og sjå korleis han har jobba. Han låg jo langt nede, og han har komt seg veldig. I forhold til at dette var i Høyanger, så var jo resultatet formidabelt. Så det skal bli spanande å sjå utviklinga framover, eg må jo seie det, seier Dammen.

Glad og sliten

Hovudpersonen sjølv er både glad og sliten:

- Du veit korleis det er, når du har jobba og jobba fram mot noko slikt, så er kroppen full av energi, det er god energi, men den tek på likevel. Eg har vore slik før utstillinga, og under utstillinga, og når så det heile var over, så kom det ei utlading som slo meg heilt ut. Eg har sove og sove og sove.

- Kva gjer du no?

- Teiknar og teiknar og teiknar. Og så søv eg litt. Og så teiknar eg igjen. Det er det det går i.

-  Kva er det som gjer at folk er villige til å betale så mykje for bilda dine?

Mykje negativt

- Det er kanskje, som Dammen og dei seier, at det ligg ei historie bak kvart einaste bilde. Eg lagar dei ikkje fordi eg vil lage dei, det er fordi eg lage dei, kunsten pressar på og vil ut, og eg veit ikkje alltid kva det er som kjem, men det kjem. Bildene handlar jo om ting i kvardagen som vi alle støyter på. Mykje av det er negativt, men som eg brukar å seie: Sjølv det negative har fargar. Når eg klarar å formidle det negative, og få fram fargane i det, og samstundes legg eit håp inn i bildet, så er det kanskje det som talar til folk, seier Segrov.

Om salssummen har han berre ein ting å seie:

- Det er vanvittig. Heilt vanvittig.

Artikkeltags