For Ann-Elisabeth Lavik Akse var nisse ein mystisk figur som kom med ein stor sekk med gåver tidleg om morgonen på juleafta, før ho og søskena var stått opp.

For Ann-Elisabeth Lavik Akse var nisse ein mystisk figur som kom med ein stor sekk med gåver tidleg om morgonen på juleafta, før ho og søskena var stått opp. Foto:

Ann-Elisabeth samlar 18 familiemedlemmer til julefeiring

– For meg er tid til gode opplevingar saman med familien like viktig som gåver, seier Ann-Elisabeth Lavik Akse.
Geir Ivar L. Ramsli
Publisert
DEL
– For meg er tid til gode opplevingar saman med familien like viktig som gåver, seier Ann-Elisabeth Lavik Akse.

Ann-Elisabeth Lavik Akse (43) eig og driv Lavik Kro, men bur i Hyllestad.
Gift med Frode Akse, og saman har dei døtrene Malin, June og Adrianne. 

– Kva barndomsminne har du om nissen?

– Ein mystisk figur som hadde vore på besøk med ein stor sekk gåver veldig, veldig tidleg om morgonen på juleafta.

– Kva håper du julenissen skal gje deg i år?

– Ei koseleg samling saman med familien, utan nissestrekar som stengde vegar sidan me har langt å køyre til hytta der vi blir 18 til bords.

– Kor julete er du på ein skala frå 1 til 10?

– Ein 7-ar. Handlar dei første gåvene i oktober. Eldste søstera mi, Bente, og eg samlar barn og tantebarn til julekakebaking mens vi drikk julebrus og høyrer på julemusikk. Julepynten kjem fram veka før jul, medan juletreet vert pynta vetlejuleafta.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

– Det er mange ting som på kvar sin måte er viktig for å få på plass den gode julekjensla. Det startar vetlejuleafta med «Grevinnen og hovmesteren», held fram på juleafta med «Tre nøtter til Askepott», før me besøker gravene til svigerforeldra mine der vi tenner lys. Når me kjem heim att, et me graut med mandel i.
Julemiddagen er sjølvsagt òg viktig; vi lagar tradisjonell julemiddag, med både ribbe (pinnekjøt) og dampa griseribbe som har vore salta og tørka, kålrabistappe, bestemors oppskrift på surkål og raudkål, og sjølvsagt kokte poteter.
Vi pyntar oss til fest og et klokka 18:00, fordi det var då far min Torbjørn kom heim att i alle åra han var kyrkjetenar/klokkar i Lavik kyrkje og hadde ansvar for å ringje jula inn.
Tradisjonen tru et vi oss så stappmette at desserten må vente til etter at vi har opna julegåvene.

– Plast eller ekte tre?

– Frå i fjor vart det plasttre på grunn av tidsklemma.

– Kva seier du om at vi av miljøomsyn innfører at kvar innbyggar berre får julehandle for 1000 kroner?

– For meg er tid til gode opplevingar saman med familien like viktig som gåver. Men eg likar ikkje for mange grensesettingar.

– Går du i kyrkja, eller betyr jula mest nokre ekstra fridagar?

– Eg er ikkje oppvaksen med å gå i kyrkja på juleaftan, men dei siste åra har vi gjort det av og til.

– Den finaste julepresangen du har gitt?

– Ein klokkestreng som eg sydde til mamma og pappa då eg gjekk i 4. klasse.

– Til kven vil du sende ein julebodskap?

– Til alle, uansett tru og religion, krig eller fred. Lev i fred!

 

Artikkeltags