Var det «Frøken Freken» som er bjørnen ved Torvund?

FRØKEN FREKEN: Denne kalven, som Ørjar Nydal har døypt Frøken Freken, har lurt fleire før til å tru at det er bjørn i området ved Torvund. - Eg kan forstå det, for den kan i nokre posisjonar likne.

FRØKEN FREKEN: Denne kalven, som Ørjar Nydal har døypt Frøken Freken, har lurt fleire før til å tru at det er bjørn i området ved Torvund. - Eg kan forstå det, for den kan i nokre posisjonar likne. Foto:

HØYANGER: – Eg kan forstå at folk tek feil, seier bonden.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Kan kalven Frøken Freken vere brunbjørnen som eit ektepar var sikre dei såg ved vegkanten ved Torvund natt til søndag?

Det trur i alle fall Ørjar Nydal, som eig ein flokk med skotsk høglandsfe som beitar i området der dyret blei observert.

Bakgrunn: – Vi skvatt litt til, men vi er sikre på at det var ein bjørn vi såg

– Kan skjønne at folk tek feil

– Vi har ein liten fjordkalv som stadig vekk bryt seg ut av gjerdet og går langs med vegen. Eg trur det må vere han, og eg kan forstå at den kan likne når han bøyer seg ned, seier Ørjar Nydal.

Frøken Freken har veldig korte horn og godt med ragg i ansiktet, og Nydal seier det er fleire som har trudd at kalven er ein bjørn.

BONDE: Ørjar Nydal har ein flokk med Skotsk høglandsfe ved Torvund. Han trur ein av kalvane hans kan vere det som såg ut til å vere bjørn.

BONDE: Ørjar Nydal har ein flokk med Skotsk høglandsfe ved Torvund. Han trur ein av kalvane hans kan vere det som såg ut til å vere bjørn. Foto:

Sov ute for å sjå om det var bjørn

Ein kamerat av Nydal tok kontakt med Statens naturoppsyn (SNO) etter observasjonen.  Han var ikkje like sikker som Nydal i at det var ein kalv.

Sidan SNO ikkje var like avvisande til bjørneobservasjonen som Nydal, tipsa dei om at dyra på beite ville vore urolege om det var bjørn i området.

– Så kompisen tok med seg hengekøya ut og la seg til ei natt for å sjå til dyra. Dyra hadde det heilt fint. Eg skulle igrunn ønskt at det hadde vore bjørn, det hadde vore gøy, seier bonden, som trur bjørnen isåfall ville fått eit tøft møte med dyra hans:

–   Dei har ein meter svære horn og er svært beskyttande ovanfor kalvane sine, så han hadde fått køyrt seg då.

Artikkeltags