POLITINATTA: Rusa og kranglevorne menn, laus hund, og bilførar teken i fartskontroll

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Alt i alt har det vore ei høvesvis roleg natt for lovas lange arm i Sogn og Fjordane.

DEL

Ifølgje Twitter-kontoen til politiet i Sogn og Fjordane var det i all hovudsak i Nordfjord politiet måtte rykkje ut i natt.
I Stryn var det tre saker med ordensproblem og bråk, medan ein bilførar vart teken i ein fartskontroll i Hornindal.
I Naustdal fekk politiet melding om ein laus schäfer, medan sogningane ifølgje politiet har oppført seg eksemplarisk i natt.

Klokkesletta er tidspunktet hendinga vart registrert i politiets digitale logg:

Hornindal:

Klokka 20:00 fekk politiets operasjonssentral melding om at ein bilførar hadde fått forenkla førelegg for å ha køyrt i 104 km/t i 80-sona.

Stryn:

Klokka 21:00. Ein mann rusa 20-åra slo ned ein mann, også han i 20-åra. Gjerningsmannen vart sett i drukkenskapsarrest.
Helsepersonell vart tilkalla for å ta hand om mannen som vart slegen ned, men politiet veit ikkje korleis det gjekk med han.

Klokka 01:32 Ein mann i 20-åra fekk ordre om å fjerne seg frå Stryn. Sidan han ikkje følgde ordren frå politiet, og i tillegg nekta å gje opp personopplysingar, vert han meldt for tilhøvet.

Klokka 02:29 Ein mann i 20-åra fekk ordre om å fjerne deg frå Stryn sentrum etter at mannen hadde laga uro der.

Naustdal:

Klokka 22:40 fekk politiet melding om ein hund av rasen schäfer var nesten vart påkøyrd då hunden var laus ved Hovebrua. Det er uvisst om hunden er teken hand om av eigaren eller andre.

Artikkeltags