Lastebilsjåfør hadde for kort kvil – meldt til politiet
HORNINDAL: Sjåføren blir truleg bøtelagt.
Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru i Hornindal søndag kveld. Då stoppa dei ein lastebilsjåfør som hadde brote kviletida si. Sjåføren hadde latt lastebilen stå i litt under 7 og ein halv time.
Reglane seier at ein skal la bilen stå elleve timar kvart døgn. Tre gongar per veke kan dette kortast ned til ni timar.
– Vi har litt slingringsmonn. Men denne sjåføren blei meld til politiet, og blir nok bøtelagt, seier Ove Garlid i Vegvesenet.
Lastebilen blir også sendt til bedriftskontroll, fortel han.
I tillegg gav Vegvesenet bruksforbod til to andre sjåførar. Begge desse hadde ting hengande i frontruta.
– Det er ikkje lovleg. Dei fekk bruksforbod til dei hadde rydda opp i frontruta si, seier Garlid.
Utover dette gav Vegvesenet åtvaringar til fleire sjåførar, mellom anna for små brot på kviletida.
Kommentarer til denne saken