Fall etter kjempehopp – fredag fekk Anders dei dårlege nyheitene

UTE LENGE: Anders Fannemel er no på Olympiatoppen for vidare undersøking av kneskaden han fekk i Wisla på torsdag. No er det klart at både menisk og korsband er skadd.

UTE LENGE: Anders Fannemel er no på Olympiatoppen for vidare undersøking av kneskaden han fekk i Wisla på torsdag. No er det klart at både menisk og korsband er skadd. Foto:

Det blir lenge til Anders Fannemel kan hoppe på ski igjen. Det er klart etter undersøkingar av skaden han fekk under eit hopp i Polen.

DEL

Torsdag fall Anders Fannemel frå Hornindal på 140-metersmerket under eit treningshopp i Wisla i Polen, fram mot sesongens første Sommer Grand Prix-renn.

Etter fallet vart han raskt sendt til eit polsk sjukehus. Fredag var den tidlegare verdsrekordhaldaren til ytterlegare undersøkingar på Olympiatoppen.

– Anders har ein fremre korsbandskade i venstre kne og meniskskade som krev reparasjon, Vi planlegg rekonstruksjon av fremre korsband og reparasjon av menisken i løpet av kort tid. Deretter ventar opptrening av kneet i minst ni månader før det er aktuelt å hoppe på ski att, seier landslagslege Guri Ekås i ei pressemelding frå Skiforbundet.

Fannemel hadde tydelege smerter på sletta etter fallet. Veteranen fekk vanskar då skiene skar ut etter landinga, og kneet fekk ei stor belastning.

Med det må både hopparen sjølv og landslaget sjå at han blir lenge vekke frå hoppinga.

– Bilda syner at Anders dessverre har øydelagt korsbandet og menisken. Det betyr at han får eit lengre opphald på sidelinja, seier landslagssjef Alexander Stöckl.

Han ønskjer Fannemel god betring.

– Dette er ein tung smell for heile den norske hoppfamilien. Vi skal støtte Anders gjennom heile opptreningsfasen. Eg håpar vi får sjå han i godt gammalt slag når han er tilbake frå denne alvorlege skaden, seier Stöckl.

Artikkeltags