Lastebileigar hadde ikkje bombrikke – fekk 8000 i gebyr

Artikkelen er over 1 år gammel

To fekk ikkje køyre vidare.

DEL

Søndag kveld hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs kontrollplass i Hornindal. Der fekk to skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletid. To fekk bruksforbod fordi vogntoga var for lange, og måtte korte inn til lovleg lengde før dei fekk køyre vidare.

Ein lastebileigar fekk 8000 kroner i gebyr for å ikkje ha bombrikke.

Til saman sjekka vegvesenet 13 køyretøy. Det kjem fram i ei pressemelding.

Artikkeltags