Sjåførar bøtelagt for utslitne dekk og vinterdekk

Artikkelen er over 2 år gammel

HORNINDAL: Statens vegvesen kontrollerte 74 sjåførar.

DEL

Statens vegvesen hadde i går kontroll på Kjøs i Hornindal der 74 sjåførar av lette køyretøy blei kontrollerte.

Tolv køyretøy hadde skriftlege manglar, medan to fekk bruksforbod eller blei avskilta. Ein sjåfør blei politimeldt.

Statens vegvesen registrerte følgande avvik: To sjåførar fekk gebyr for utslitne dekk, medan éin sjåfør fekk gebyr for å køyre med vinterdekk.

Fem bilistar fekk gebyr for manglande vognkort, medan ein annan fekk gebyr fordi han hadde lagt førarkortet heime. Ein sjåfør blei nokre kroner fattigare fordi han køyrde utan bilbelte. 

Artikkeltags