Hadde ikkje montert bombrikka på lastebilen – fekk bot på 8000 kroner

Fem andre måtte fjerne gjenstandar ved frontvindauga før dei fekk køyre vidare.

DEL

218 køyretøy var innom kontrollstaden til Statens vegvesen ved Kjøs i Hornindal måndag. Elleve av desse vart kontrollerte.

Bombrikka låg i bilen, men fekk bot

Dyraste bota denne augustdagen gjekk til ein lastebilsjåfør. På grunn av at han ikkje hadde montert bombrikka i lastebilen, fekk han eit gebyr på 8000 kroner.

– Det er minstebota for å ikkje ha bombrikke. Han hadde brikka i lastebilen, men den låg i ein kasse bak i bilen. Den skal vere montert i frontruta. Bomstasjonen klarer ikkje å lese brikkene elles, seier Svein Henjesand, overingeniør i Statens vegvesen.

Han forklarar at det er vanskeleg å fange opp og få sendt ut faktura til utanlandske lastebilar som køyrer gjennom bomringane i Norge utan bombrikke.

– Då må vi gjere det likt for alle.

For breitt, for tungt

Eit køyretøy var for tungt på framakslingen og måtte laste av til lovleg vekt, før han fekk køyre vidare. Sjåføren fekk eit gebyr på 2450 kroner for overlasta.

Eit anna køyretøy hadde for brei last og måtte laste om før han fekk fortsette turen.

Det var ein lastebil som hadde to dekk med ulovleg mønsterdjupn. Han fekk ei bot på 1500 kroner for dette og måtte til verkstad for å skifte dekk.

Fem sjåførar måtte fjerne gjenstandar i siktsona, eller ved frontvindauga, før dei kunne køyre vidare.

Artikkeltags