Dette slo Statens vegvesen hardt ned på, ettersom at kravet er 11 timar kvile i løpet av ein 24-timars periode. Føraren vart politimeld for brotet, som vart avdekka på ein kontroll på Kjøs kontrollplass i Hornindal søndag.
I same kontroll måtte ein bilførar på verkstad med bilen sin grunna oljelekkasje i motoren. Han måtte også få vaska motoren før han fekk køyre vidare.
Ein annan førar hadde berre med seg ein kopi av løyvet sitt for å drive godstransport. Han vart difor gitt køyreforbod fram til det originale løyvet var på plass.
I tillegg vart to sjåførar tildelt 500 kroner i gebyr for å ikkje ha med førarkort. To andre fekk åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida.
Kommentarer til denne saken