Det var ikkje berre éin ting lastebilsjåføren mangla på kontroll

Dårleg merking av spesialtransport og manglande førarkort var nokre av brota.

DEL

169 køyretøy var innom kontrollstaden til Statens vegvesen ved Kjøs i Hornindal torsdag.

22 av desse vart kontrollerte.

Mangla løyve

Ein førar mangla løyve for transport, i tillegg tilfredsstilte ikkje underkøyringshinderet krava. Underkøyringshinderet forhindrar at mindre bilar set seg fast under lastebilen eller tilhengaren ved ein eventuell kollisjon.

Lastebilen, som køyrde spesialtransport, var heller ikkje tilstrekkeleg merka. Føraren fekk også gebyr for ikkje å ha med seg førarkort.

Mangellapp og rotete frontrute

Ein førar fekk gebyr for manglande vognkort. Eit anna køyretøy fekk mangellapp på fartsskrivar. To førarar måtte rydde i frontruta før dei fekk køyre vidare.

Ein annan måtte sikre lasta betre før vidare køyring, medan ein førar fekk åtvaring for brot på regelverket når det gjeld køyre- og kviletid.

Artikkeltags