Fjord1 med 97 millionar i overskot - på tre månader

GOD START PÅ ÅRET: Dagfinn Neteland er administrerande direktør i Fjord1.

GOD START PÅ ÅRET: Dagfinn Neteland er administrerande direktør i Fjord1. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Fjord1 hadde eit resultat før skatt på 97 millionar for første kvartal 2017.

DEL

Driftsinntektene for første kvartal vart 368 millionar kroner. Driftsresultatet før avskrivingar var på 170 millionar. Dette er ein auke på 62 millionar samanlikna med same periode i 2016. Konsernet hadde ved utgangen av første kvartal eigenkapitaldel på 34,6 prosent, skriv Fjord1 i ei pressemelding.

Ferjedrifta

Fjord1 si ferjedrift bidrar med god kontantstraum i første kvartal. Auken i driftsresultat før avskrivingar og resultat før skatt er drive av auka lønsemd i kontraktane og stabilitet i drift, melder Fjord1.

– Vi er nøgde med å sjå det gode resultatet av selskapet sitt fokus på sikkerheit og driftsstabilitet, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Fire nye ferjesamband

Selskapet fekk i første kvartal i år kontraktar for drift av fire ferjesamband i Hordaland.

Fjord1 får fire nye ferjesamband i Hordaland

Dette betyr at Fjord1 vil operere elleve ferjesamband i Hordaland med null- og lågutslettsteknologi med oppstart i 2018 og 2020.

Direktøren er godt nøgd.

– Konsernet har hatt ein tilfredsstillande start på året. Vi er spesielt god nøgde med resultatet av sikkerheitsforkuset innan ferjedrift, seier Neteland i pressemeldinga.

Artikkeltags