Holvikejekta fekk vatn under kjølen under storfloda: – Ei stor skam for Gloppen

Under ekstremvêret Elsa vart floda så stor at det kom vatn under kjølen på det unike skipet Holvikejekta på Sandane. – Det er tragisk korleis båten vert behandla, seier næringssjef Knut Roger Nesdal. No etterlyser han handling.