Hol-Aurland stengd grunna ras. Uvisst når den opnar

DEL

– Det gjekk eit større snøras på Hol-Aurland i går. Eg snakka med entreprenøren i dag, dei visste ikkje før seinare i dag når dei kan byrje med opprydding. Det vil nok ta ganske mange timar før den vert opna.

Det seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Statens vegvesen.

Fv. 50 Hol-Aurland har tidlegare vore stengt i ein lang periode grunna ras, men opna opp att 26. februar. Den 29. februar gjekk det altså eit nytt snøras på fjellovergangen.

Omdal melder elles at også Vikafjellet er stengd, medan Filefjell og Hemsedal er ope.



Artikkeltags