Gå til sidens hovedinnhold

Høies påskeråd for høgsmitteområde: Ikkje dra på overnattingsbesøk eller hotell

Nordmenn må møte færre og reise mindre i påska. Overnattingsbesøk og hotell bør unngåast for personar i område med mykje smitte, oppmodar helseministeren.

Han lanserer no ni påskeråd for område med høg smitte, slik at det blir litt klarare for folk kva som er greitt og ikkje i den stille høgtida, som no berre er ei dryg veke unna.

– Smitten spreier seg når menneske møtest eller reiser. Derfor må vi møte færre og reise mindre i påska, seier Høie til NTB.

Frå tidlegare har regjeringa sagt at reiser utanlands blir rådd mot, med mindre dei er strengt nødvendige, og at unødvendige reiser innanlands bør unngåast.

Ikkje overnattingsbesøk hos familie

No klargjer Høie gjennom ni råd nærare kva sistnemnde faktisk betyr der det er mykje smitte.

For mange kan nok råda leggje påskeplanane i grus, fordi det blir rådd frå overnattingsbesøk hos familie og venner.

Det står òg at ein ikkje bør dra på hotell eller andre overnattingsstader der mange samlast.

Samtidig opnar Høie for hytteturar med eigen husstand eller ein til to nære, viss ein bur åleine. Det blir òg opna for at barn og ungdom kan ha besøk av ein til to faste venner.

Høies ni påskebod for område med høg smitte

1. Ikkje å dra på overnattingsbesøk til familie og venner – med mindre du er student utan eigen familie eller bur åleine.

2. Viss kommunen din ber deg unngå besøk heime – unngå besøk der du er i påska.

3. Ikkje dra på hotell eller andre overnattingsstader der mange samlast.

4. Hald deg heime viss du er sjuk. Dra heim viss du blir sjuk.

5. Hald deg heime viss du ventar på svar på koronatest.

6. Barn eller ungdommar kan ha besøk av ein til to faste venner.

7. Viss du dreg på hytte – reis berre med eigen husstand eller ein til to nære viss du bur åleine.

8. Viss du dreg på hytte – handle før du dreg og unngå alle stader der menneske samlast. Hald avstand i skitrekk og skiløyper.

9. Følg råda i kommunen du bur og kommunen du besøkjer.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken