Høie: – Vi er eit stykke unna ein smittesituasjon der vi berre kan ha lokale tiltak

UJAMT: Helseminster Bent Høie meiner balansen mellom lokale og nasjonale tiltak ikkje har vore sterkt nok i periodane med det lågaste tiltaksnivået. Foto: Ole Berg-Rusten
Helseministeren seier at det kan bli aktuelt med fleire nasjonale tiltak.
3. januar innførte regjeringa dei strengaste koronatiltaka sidan mars, for å bremse smittespreiinga frå jula og romjula.
– Det var naudsynt, seier helseminister Bent Høie til VG.
Men det er førebels for tidleg å seie noko om dei nasjonale tiltaka har hatt ein effekt. I løpet av veka vil regjeringa få nye råd og anbefalingar frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, og vurdere tiltaksnivået vidare.
Onsdag er det varsla pressekonferanse, men ifølgje VG vil ikkje regjeringa konkludere før i helga kva tiltaksnivået etter tysdag 19. januar skal vere.
– Det er aktuelt med fleire nasjonale tiltak. Vi er eit stykke unna ein smittesituasjon der vi berre kan ha lokale tiltak – og det er ikkje sikkert vi kjem i den situasjonen igjen før vaksinen har fått ordentleg verknad i befolkninga, seier Høie.
Han meiner balansen mellom lokale og nasjonale tiltak ikkje har vore sterkt nok i periodane med det lågaste tiltaksnivået.
Eitt av tiltaka til regjeringa no er nasjonalt skjenkestopp og oppmoding om at folk ikkje har besøk i eigen heim.
– Det å forskriftsfeste at ein ikkje skal ha besøk heime høyrer nok heime i ein situasjon med høg smittespreiing, særleg når den er ustabil og med rask auke. Det er eit veldig strengt råd. Det er vanskeleg å sjå for seg det tiltaket over tid, seier Høie.
På spørsmål om det er sannsynleg at dei vil lette på dei nasjonale tiltaka framover, svarar Høie dette:
– Det er igjen summen av tiltaka som er viktig. Det betyr at det ikkje er sikkert at det vil kome lettingar, men ein anna samansetning av tiltaka, varslar Høie.
Kommentarer til denne saken