Høie: Vaksine mot covid-19 blir gratis

GRATIS: Regjeringa har fått tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI), som også meiner vaksinen bør vere gratis. FHI skal no i gang med å utarbeide ein nasjonal plan for vaksinasjon, fortalde Bent Høie tysdag.

GRATIS: Regjeringa har fått tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI), som også meiner vaksinen bør vere gratis. FHI skal no i gang med å utarbeide ein nasjonal plan for vaksinasjon, fortalde Bent Høie tysdag. Foto:

Av

Regjeringa har vedteke at vaksinen mot covid-19 skal vere gratis for heile befolkninga, seier helseminister Bent Høie (H).

DEL

Høie orienterte tysdag Stortinget om status for koronasituasjonen i Noreg. Han understreka at regjeringa ønskjer at vaksinen blir tilgjengeleg for befolkninga så raskt som mogleg når den kjem.

– Staten vil òg dekkje kostnadene for kommunane og sjukehusa knytt til vaksinasjon, sa han.

Vaksinasjon skal organiserast som ein del av det nasjonale vaksineprogrammet. Det betyr mellom anna at kommunane får ei plikt til å sørgje for tilbod til personar som bur eller oppheld seg i kommunen.

Regjeringa har fått tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI), som også meiner vaksinen bør vere gratis. FHI skal no i gang med å utarbeide ein nasjonal plan for vaksinasjon.

– Oppdraget inneber òg å gi tilrådingar om prioritert rekkjefølgje. Vi håpar å kunne byrje å tilby vaksine allereie tidleg i 2021, men tidspunkt for oppstart vil avhenge av når legemiddelstyresmaktene har gitt godkjenning, sa Høie.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken