Gå til sidens hovedinnhold

Høie: Må vere førebudd på koronatiltak gjennom jula

Helseminister Bent Høie (H) seier at utviklinga har gått i ei så negativ retning at vi må førebu oss på at det kan bli koronatiltak gjennom jula.

– Då vi la fram dei første nasjonale innstrammingane la vi veldig vekt på at vi ønskte desse skulle ha ein slik effekt at jula skulle bli mest mogleg normal. Då vi la fram den andre gruppa av nasjonale innstrammingar sa vi òg at det var med ønske om at jula skulle bli meir normal, sa han på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag.

– Men utviklinga no har gått i så negativ retning som gjer at vi må vere førebudde på at det kan vere tiltak gjennom jula òg. Det er viktig at vi ikkje slepper opp for tidleg så vi mistar kontrollen, sa han vidare.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken