Helseminister Bent Høie (H) forbyr opphald på hytte utanfor heimkommunen. Det blir ingen dispensasjonsmoglegheiter.

På pressekonferansen på torsdag gjorde han det klart at det blir gjort nokre unntak, mellom anna for familiar der éin familiemedlem er stadfesta smitta, men ikkje dei andre.

Då kan resten av familien vere på hytta slik at ein unngår at dei òg blir smitta, medan den som er sjuk må vere heime, opplyste statsråden.