Høie ber kommunane planleggje kva dei treng av smittevernutstyr

Av

I eit brev til kommunane onsdag ber regjeringa om at dei planlegg for kva dei treng av smittevernutstyr og bestiller det dei treng.

DEL

Kommunane skal bestille nok, slik at det rekk første halvår 2021, opplyste helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen til regjeringa onsdag.

– Vi sender i dag brev til kommunane der vi oppmodar dei til å bestille utstyret dei treng allereie no, sa han.

I mars oppretta regjeringa ei felles innkjøpsordning for smittevernutstyr. Ordninga som Helsedirektoratet, Helse sør-aust og Sjukehusinnkjøp fekk raskt på plass, har fungert godt, peika Høie på, men ved nyttår er det slutt.

– Ved nyttår vender vi tilbake til normale rutinar, der sjukehusa og kommunane står for innkjøp av smittevernutstyr, sa helseministeren.

– For å sikre at helsetenestene har utstyret dei treng i ein kritisk situasjon, forsterkar vi det nasjonale reservelageret og gjer dette om til å bli eit nasjonalt beredskapslager.

Lageret skal innehalde utstyr for seks månaders forbruk i kommunane og i sjukehusa.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken