Høgt smell på Nordfjordeid viste seg å vere jordskjelv

Artikkelen er over 1 år gammel

Ifølgje Jordskjelvstasjonen i Bergen var skjelvet på 2,6 på Richters skala.

DEL

Det skal ha vore eit høgt smell i Nordfjordeid sentrum med påfølgande risting i bakken, som gjorde at politiet tok kontakt med Jordskjelvstasjonen i Bergen fredag kveld.

– Det skal ha vore eit jordskjelv i området som har gitt utslag på fleire av målestasjonane deira, men per no er det uvisst kor episenteret er, opplyste politiet like etter klokka 21.00.

Operasjonsleiar Morten Rebnord fortalde at dei har fått ein del telefonar frå folk på Nordfjordeid som hadde høyrt smellet.

– Dei som har ringt har sagt det same, at det har vore eit svært smell og at det rista i bakken. Etter det vi veit skal ingen personar vere skadd, det er heller ikkje meldt om materielle skadar. Vi har ein patrulje på veg og vil oppdatere når vi veit noko meir, sa Rebnord fredag kveld.

Klokka 21.33 opplyste politiet at skjelvet hadde ein styrke på 2,6 og er registrert i området rundt Stårheim, vest for Nordfjordeid.

Høyrde du skjelvet? Tips oss!

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken