Høgskulen på Vestlandet får 4,4 millionar til koronaforsking

VART PLUKKA UT: Høgskulen på Vestlandet skal forske på koronaviruset.

VART PLUKKA UT: Høgskulen på Vestlandet skal forske på koronaviruset. Foto:

Av

Forskingsrådet løyvde onsdag 130 millionar til forsking på koronapandemien. Høgskulen på Vestlandet er blant dei som får millionar.

DEL

Midlane vart nyleg hasteutlyst til forsking på spørsmål som er relevante for å handtere koronaviruset. Det skriv Forskingsrådet i ei pressemelding torsdag.

Det var 78 fagmiljø som leverte søknad til Forskingsrådet. 30 av dei fekk midlar, og Høgskulen på Vestlandet vart ein av dei, og får no 4,4 millionar til sitt forskingsprosjekt.

Prosjektet heiter «Drivers of public responses toward Coronavirus outbreak and implications of social dynamics (COSD)».

Alle søknadane har vorte vurdert av internasjonale fagekspertar. Prosjekta som får tildeling vil føregå ved ei rekkje institusjonar over heile landet og er innanfor mange ulike fagdisiplinar. 19 av prosjekta er knytt til universiteta, tre frå helseføretaka og sju kjem frå forskingsinstitutta. Næringslivet er også kopla på sju av prosjekta, står det i pressemeldinga.

FEKK MIDLAR: Høgskulen på Vestlandet var blant dei 30 som fekk midlar frå Forskingsrådet.

FEKK MIDLAR: Høgskulen på Vestlandet var blant dei 30 som fekk midlar frå Forskingsrådet. Foto:

Ein studie ved Oslo universitetssjukehus skal gjennomførast i samarbeid med Norsk Intensiv- og pandemiregister og skal beskrive dei som har vore gjennom covid-19-sjukdom.

Studien skal òg følge opp alle som overlever eit intensivopphald etter covid-19 i eitt år. Dette for å kartleggje eventuelle fysiske, psykiske og mentale helseutfordringar etter intensivopphaldet, skriv Dagbladet.

Prosjektet blir leidd av førsteamanuensis og intensivsjukepleiar Kristin Hofsø. Ho seier at andre pasientar som gjennomgått intensivbehandling, har til dels store helseutfordringar i ettertid.

Helseminister Bent Høie (H) roser initiativet.

– Vi har no ganske mange pasientar som har vore alvorleg sjuke og vi veit at kan ha eit stort rehabiliteringsbehov etterpå. At nokon kastar seg rundt og forskar på dette no er både viktig og fantastisk, seier han.

(©NPK)

Artikkeltags