Utset oppstart av nytt IT-studium

TILBAKE TIL START: Etter studiet berre fekk fire-fem søkarar beslutta Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å utsette det planlagde studiet til 2018.

TILBAKE TIL START: Etter studiet berre fekk fire-fem søkarar beslutta Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å utsette det planlagde studiet til 2018. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

UTDANNING: Det planlagde IT-studiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane må utsettast til 2018. Berre ei handfull søkarar var kvalifiserte i år.

DEL

– Hovudgrunnen er at vi ikkje fekk klar utdanninga tidsnok til å få den lyst ut i Samordna opptak, seier rektor ved Høgskulen, Rasmus Stokke.

– Dermed har vi berre hatt lokal utlysing. Når den ikkje blir lagt ut nasjonalt kan vi heller ikkje forvente stor søknad, seier han.

For lite kull

Tidlegare i år fortalde Høgskulen i Sogn og Fjordane at det planlagde IT-studiet som skulle ha oppstart i 2018, kunne starte opp eitt år tidlegare. No har høgskulen måtte utsette studiet igjen.

Dei fekk inn så få søknadar at dei bestemte seg for å utsette studiet til neste år heller enn å sette i gang med eit veldig lite kull.

– Vi hadde ti plassar som vi hadde finansiering på, men då søknadsfristen gjekk ut var det berre fire til fem kvalifiserte søkarar.

Taper ikkje midlar

Høgskulen hadde fått midlar til IT-studiet frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge. Stokke seier at desse midlane allereie var tiltenkt oppstarten i 2018 og at dei ikkje har tapt nokon midlar.

Det var mykje engasjement frå det lokale næringslivet for å få IT-studiet i gang så fort som mogleg. Er dette eit tilbakesteg?

Dette er uproblematisk, for det var planen heile tida. Oppstart i 2017 var ein positiv moglegheit som dukka opp. No er det viktigare å bruke tida på å lage planen endå betre til 2018, seier Stokke.

Artikkeltags