Studentgründer får ein million

NØDG GJENG: Mikkel Frodahl (midten) har fått utdelt pengestøtte frå Forskningsrådet. Egil Mundal (venstre) og Vegard Fusche Moe ved Sogndal Fotball er glade for det.

NØDG GJENG: Mikkel Frodahl (midten) har fått utdelt pengestøtte frå Forskningsrådet. Egil Mundal (venstre) og Vegard Fusche Moe ved Sogndal Fotball er glade for det. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein av dei 15 som fekk støtte frå Forskingsrådet studerer i Sogndal.

DEL

Mikkel Frodahl ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var ein av 53 elevar som søkte om å få gjere masteoppgåvene sine om til business.

Berre 15 av søkarane fekk støtte. Pengane skal brukast til å jobbe fulltid med å realisere ideen, skriv Forskingsrådet i ei pressemelding.

Det var NRK Sogn og Fjordane som skreiv om saka først.

Studenten har jobba i lag med Sogndal Fotball som ein del av dette prosjektet. Prosjektet som går under namnet Better player, er eit ekspertverktøy for utvikling av fotballspelarar.

Det går ut på å samle inn data om spelarane ved hjelp av spelarovervåkningsteknologi. Med kunnskapen som kjem fram i overvåkningsmaterialet vert det lettare for fotballaget og spelarane å fokusere på dei viktige opplysningane, og legge vekk det som er mindre viktig.

Les meir:Fotballprofessorane

Artikkeltags