Drog til Orknøyane for å lære om tidevasskraft

Deltakarane på studieturen framfor Sustainable Marine Energysi PLAT-O tidevassplattform.

Deltakarane på studieturen framfor Sustainable Marine Energysi PLAT-O tidevassplattform. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Elevar ved høgskulen i Sogn og Fjordane reiste nyleg til Skottland, for å lære meir om korleis dei kan utnytte krafta i Lifjorden.

DEL

– Vi er to grupper herifrå, to frå Høgskulen i Bergen og ei frå Florø som jobbar med prosjektet i regi av Sogn Industri. Vi skal planlegge vasstraumane og kartlegge energien vi kan utnytte frå Lifjorden.

Det seier automatiseringsteknikk-student Benjamin Dokken (24) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han og andre studentar frå høgskulen i

Fakta:

Totalt fem studentgrupper er med på prosjektet, alle med ulike oppgåver.

På Høgskulen i Sogn og Fjordane er det med tre studentar frå Automatiseringsteknikk og tre frå Elkraft.

Frå bergen sin høgskule er det med to studentar frå Fornybar energi og fire frå Produksjonsteknikk.

I tillegg ar det med tre studentar frå Subsea-studiet i Florø.

Sogn og Fjordane, Høgskulen i Bergen og Subsea-utdanninga i Florø har skrive bachelor-oppgåvene sine om korleis ein kan utnytte krafta frå tidevasstraumane i Lifjorden i Hyllestad.

– 10 til 20 år framfor oss

For å lære meir om tidevasskraft, drog 12 av dei 15 bachelor-skrivande studentane til Orknøyane i Skottland i slutten av april.

– Skottane ligg 10 til 20 år framfor oss på tidvatn og bølgekraft. Men dei treng norsk kompetanse i subsea, og det er vi veldig flinke på her i fylket. Så med denne turen fekk vi kople saman to gode miljø.

F.v. Morten Jensen Sefland, Håvard Nordtveit, Siw Tove Vårdal og Benjamin Dokken. Alle på Automatiseringsteknikk, unntatt Vårdal frå Elkraft.

F.v. Morten Jensen Sefland, Håvard Nordtveit, Siw Tove Vårdal og Benjamin Dokken. Alle på Automatiseringsteknikk, unntatt Vårdal frå Elkraft. Foto:

Det seier Trond Strømgren i Maritim Forening Sogn og Fjordane, som var med studentane på studieturen. Han fortel at sjølv om skottane ligg framfor oss på tidevass- og bølgekraft, så er Sogn og Fjordane suverene på eit anna punkt.

– I Sogn og Fjordane er vi veldig flinke på alt som har med subsea å gjere. Der treng skottane norsk kompetanse. Litt av føremålet med denne turen var difor å kople saman desse to miljøa, seier Strømgren.

– No har vi etablert kontakten og relasjonar, så dette kan vi bygge vidare på. Begge miljøa har noko å vinne på å bli kopla saman, held han fram.

Kan få jobb i Sogn industri

Dei to gruppene frå høgskulen i Førde består av tre studentar frå Automatiseringsteknikk og tre frå Elkraft. Automatiserings-studentane var for nokre veker sidan ute i felten.

– Vi har tatt ei veke med målingar i Lifjorden, og fått eit innblikk i energipotensialet som er der, seier Benjamin Dokken på automatiseringslinja.

Gruppa frå Elkraft har på si side rekna ut kor mykje energi ein kan få med turbinar der.

Den siste tida har dei jobba med å klargjere oppgåvene sine, før dei måtte levere bacheloren 23. mai. Neste post på programmet er ein presentasjon for høgskulen 26. mai.

– Etter det skal Sogn industri sjå om prosjektet lønnar seg. Viss det gjer det, kan dei tilsette folk til å jobbe med det. Og då kan det hende dei tilset nokre av studentane frå prosjektet også, seier Dokken.

Artikkeltags