Før nyttår sende Statnett klare åtvaringar til Olje- og energidepartementet om at Norge styrer mot eit effekt- og kraftunderskot innan få år. Andre sterke fagmiljø både i det offentlege og i næringslivet vårt har òg peika på det same, og det er vist til at dei ambisiøse klima- og industrimåla våre og det grøne skiftet og elektrifiseringa, krev meir fornybar kraft.

Mangelen på kraft kan i verste fall føre til utkopling av forbruket. Det hastar med andre ord å få opp farten for å produsere meir fornybar energi. Høgre har derfor nå lagt fram 12 forslag som vi meiner regjeringa raskt kan gjennomføre. Forslaga handlar om vindkraft, solenergi, vasskraft, energieffektivisering og nett, og nokre av forslaga har Høgre alt fått gjennomslag for på Stortinget.

Skal vi kome i mål kjem vi ikkje utanom vindkraft på land, slik Statnett-sjef Hilde Tonne nyleg har slått fast i eit intervju med E24. Høgre er derfor opptatt av at vindkraftprosjekt som får klarsignal frå aktuelle kommunar ikkje skal bli liggande å støve ned på eit kontor i Oslo, men bli behandla på ein effektiv, rask og forsvarleg måte. Høgre er òg opptatt av at det nye regelverket kommunane skal nytte i slike saker nå kome på plass raskt, og at alle nye saker må behandlast av dette. Vidare er vi opptatt av at verdiar som blir skapt i desse prosjekta i størst mogeleg grad blir verande igjen lokalt, og at regjeringa sin varsla grunnrenteskatt på vindkraft ikkje blir til hinder for dette.

Høgre meiner altså at det vil vere både nødvendig og tenleg å bygge ut vindkraft på land, der kommunane går inn for slik utbygging. Vidare at sakene i kommunane skal behandlast etter eit nytt regelverk, og at dette nå må kome på plass straks. Høgre har òg tatt til orde for at det nye regelverket må gi kommunane ein hand på rattet i plasseringa av nye vindkraftverk.

I samband med framlegginga av dei 12 forslaga, blei Snøheia Industrikraft nemnt som eit av fleire døme på ei prosjekt som bør behandlast raskt, effektiv og forsvarleg hos staten, dersom dette får tilslutning frå Høyanger og Sunnfjord kommune. For meg er kravet til slik saksbehandling sjølvsagt, og noko både tilhengarar og motstandarar bør kunne slutte seg til. Det tener ingen at slike saker blir liggjande unødvendig lenge hos staten dersom kommunane har gitt klarsignal.

Underteikna er samd i Høgre sitt generelle standpunkt knytt til behovet for å bygge ut meir fornybar energi. Eg har òg fått med meg dei store regionale fordelane Snøheia Industrikraft kan gi, og særleg kor avgjerande dette kan vere for ei vidare industriutvikling og -bygging i Høyanger. Bak prosjektet står mellom anna eit partnarskap mellom Hydro og Eviny, selskap som har lange og gode tradisjonar i industri-, jobb- og verdiskaping i regionen vår. Eg tar òg på alvor det den politiske leiinga i Høyanger kommune har sagt om behovet for meir fornybar kraft. For Sunnfjord kommune sitt vedkomande vil dette òg kunne ha interesse, ikkje minst knytt opp mot den kraftposisjonen Sunnfjord Næringspark på Moskog bør ha.

Som tidlegare ordførar i Sunnfjord kommune veit eg òg at næringsaktivitet, arbeidsplassar og fordelar av ulikt slag kan vere viktig. Er det riktig som det har gått fram av media at ein vindkraftpark kan tilføre kommunebudsjetta 40–50 millionar kroner kvart år, representere investeringar for 3–4 milliardar kroner, produsere 1TWh i fornybar energi, meiner eg det er viktige moment i totalvurderinga.

Eg er derfor avventande positiv til Snøheia Industrikraft, dersom prosjektet skulle munne ut i eit konkret prosjekt det blir søkt om. Når eg skriv «avventande» er det dels fordi vi i dag manglar kunnskap om vindkraftplanane og konsekvensane av desse, og dels fordi eg har stor respekt for dei kommunale prosessane – og at det er kommunane som evt skal gi klarsignal. Eg legg elles til grunn at ein evt kommunale saksbehandling vil skje etter eit nytt regelverk, og at det blir gjort på ein skikkeleg og god måte, kor ein ikkje minst passar på at alle kjem til orde. I desse prosessane er det avgjerande at ein òg set strenge krav om grundige utgreiingar av natur- og miljøkonsekvensar, og at desse interessene blir vektlagt i samsvar med lovgiving og dei (internasjonale) pliktene vi har på dette området.

Det er mange som er opptatt av vindkraft på land, og det er òg mange som har klare og sterke meiningar. Det synest eg er heilt flott, og høyrer heime i eit lokaldemokrati. Skal ein kunne lande slike store og viktige saker på ein god og ryddig måte, er det etter mitt syn svært viktig at vi har gode, demokratiske prosessar. Det meiner eg eit nytt regelverk må legge opp til, og eg kjenner med trygg på at dei to kommunane vil handtere dette på ein god måte.

Les også

Vindturbinar for ein kvar pris?