Får ein million i gåve til masterutdanning

Høgskulebygget i Sogndal.

Høgskulebygget i Sogndal. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått ein million kroner til ei ny masterutdanning om klimautfordringar.

DEL

– Vi har fått 62 søkarar på dei 20 ledige plassane. Det er tre søkarar per plass, så det er vi veldig nøgde med.

Det seier ein nøgd opptaksleiar ved høgskulen, Arnstein Menes.

Til hausten startar høgskulen si avdeling i Sogndal opp den nye masterutdanninga «Climate Change Management», som tar sikte på korleis ein planlegg for klimaendringar i samfunnet. Og i det høve har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane løyva ei gåve på ein million kroner til høgskulen.

Kan tilsette skredekspert og forskar

Dette gjer at skulen kan tilsette ein snøskredekspert, Kalle Kronholm i ei bistilling. I tillegg kan dei tilsette den danske professoren Sebastian Mernild, som var blant forskarane som bidrog til den 5. hovudrapporten frå FN sitt klimapanel.

– Denne masteren er ganske spesiell i Norge. Eg har ikkje funne nokon andre utdanningar som er likeins. Utdanninga er eit forsøk på å treffe det som er aktuelt i samfunnet i dag, med tanke på planlegging for klimaendringar som til dømes flaum og skred, seier Menes.

Opptaksleiaren fortel at søkarlista er variert.

– 34 av søkarane er studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Men vi har også fått 10 utanlandske søkarar, som vi no ser på. Og så har vi andre eksterne norske søkarar, med mange ulike bakgrunnar, seier han.

Ulike inngangar til masteren

Utdanninga er ein 2-årig master, men det er ikkje noko fasitsvar på kva du må ha studert først.

– Her er det tenkt at vi skal kunne ha ei brei samansetting av studentar. Alle tre bachelorane som vi sjølv tilbyr, altså fornybar energi, geologi og landskapsplanlegging er gode for masteren. Elles er det sagt at du må ha ein bachelor i naturvitskap, ingeniør eller samfunnsfag for å ta denne masteren. Det er eit krav at du skal ha minst 80 studiepoeng i visse fag, mellom anna geofag, biologi, økologi, miljø osv., seier han.

Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, seier at dei ikkje var i tvil om å gi pengegåva.

– Dette er ei soleklar satsing frå vår side. Det er den lettaste måten å behalde dei gode hovuda på. Utdanninga bygger på eit sterkt fagmiljø som dei allereie har i Sogndal, og den blir den første av sitt slag. Det var ikkje særleg vanskeleg å vere positivt til den. Dette blir ikkje det siste vi kjem til å gjere på utdanningsområdet, seier Fidjestøl.

Artikkeltags