Høg alder og høg BMI blant risikofaktorane for å bli alvorleg koronasjuk

Av

Folkehelseinstituttets (FHI) oppdaterte oversikt over koronaforsking viser at høg alder og høg kroppsmasseindeks (BMI) kan påverke kor sjuk folk kan bli av korona.

DEL

– Etter førre hurtigoppsummering vart høg BMI ført opp som ein risikofaktor, og det stadfestast i forskinga vi no har gjennomgått. På same måte som alder, ser vi at risikoen aukar ved aukande BMI, seier avdelingsdirektør Kjetil Gundro Brurberg i Område for helsetenester ved FHI til Dagens Medisin.

– Men så skal det leggjast til at det er plundrete å sjå på fleire av desse faktorane einskildvis. Høg BMI gir jo til dømes større risiko for hjarte-kar-sjukdom, seier han.

Den nye oppramsinga om risikofaktorar for alvorleg utvikling av Covid-19 er FHIs tredje oppsummering av forsking på feltet. Blant dei elleve studiane er fire frå USA, tre frå Kina, to frå Storbritannia, ein frå Iran og ein frå Brasil. Sju er ikkje fagfellevurdert. Studiane er såkalla multivariate analysar, og vurderer dermed to eller fleire faktorar.

Studiane gir ikkje eit eintydig bilde av effektane av kjønn og etnisitet.

– Nokre studiar frå Storbritannia og USA finn assosiasjonar mellom etnisitet og risiko for alvorleg sjukdom, men ein skal vere forsiktig med å leggje stor vekt på demografiske faktorar som kan henge saman med sosioøkonomiske faktorar, seier Brurberg.

Han understrekar at den nye oversikta ikkje dannar grunnlag for å endre risikoråda.

(©NPK)

Artikkeltags