Hoddevika får lov til å nekte folk å campe

Frykt for koronasmitte, forsøpling og avføring i naturen gjer at Stad kommune no kan nekte folk å bruke allemannsretten.

Frykt for koronasmitte, forsøpling og avføring i naturen gjer at Stad kommune no kan nekte folk å bruke allemannsretten. Foto:

Av

Fylkesmannen i Vestland har godkjent ønsket om campingforbod utanom campingplassane i bygdene Hoddevik og Ervik i Stad kommune.

DEL

Frykt for koronasmitte, forsøpling og avføring i naturen gjer at Stad kommune no kan nekte folk å bruke allemannsretten. Både politikarane og næringsdrivande har over tid kravd at noko måtte gjerast med situasjonen i Hoddevik og Ervik, skriv NRK.

No har kommunen laga eit kart som syner kvar det no er forbode å campe. Forbodet gjeld alle typar telt, campingvogner og hengekøyer.

– Vi opplever at gjester som ikkje får plass hos oss, vel å setje opp telt i utmarka. Det seier vi at vi ikkje ønsker, sa dagleg leiar for Hoddevik strandcamping til NRK i juni.

Artikkeltags