– Eg sat der i to til tre timar, men då var eg begynt å bli stiv og støl. Ein sit litt krokete til inne i teltet, seier Tomas Oskar Hammarsø Bruket.

Han er hobbyfotograf, og set seg ofte ned i timevis med kameraet sitt, i håp om at den rette augneblinken skal kome.

– Når fuglane kjem, skjer det veldig fort. Då gjeld det å ta veldig mange bilde, og det er ikkje alltid det blir fulltreffar. Eg har veldig låg lukkartid på kameraet, så det var berre å fyre laus når angrepet kom. Eg hadde sett eit prefokus der eg forventa at angrepet ville kome, seier han.

– Den er det ikkje alle som har sett

Når han skal fotografere fuglar tar han på seg ei kamo-drakt, og set seg inn i eit telt som også har kamuflasje.

– Dei siste par åra har eg mata småfuglar på stasjonar eg har laga rundt om på garden eg kjem frå. Til tider blir det mykje fugl, og når nøtteskrika kjem, kjem ofte sporvehauken etter og jaktar etter den, seier han.

Heime på garden sin har han nemleg laga til eit område til fotografering.

– Eg har rydda vekk ein del småskog, og laga til busker og tre som dei kan lande på. Så legg eg ut mat for å få dei inn. Det går ein del tid på å førebu til fotografering. Eg er heldig som har eit slikt område på garden, seier han.

Fotointeressa hans starta i 2017. I starten tok han mest landskapsbilde, men dei siste åra han berre fått meir og meir interesse for ville dyr.

– Det er spennande når ein får besøk av fuglar som ikkje er heilt vanlege å sjå, som til dømes sporvehauken. Den er det ikkje alle som har sett, seier Bruket.

Besøkte «Fotobonden»

Bilde av sporvehauken og natteskrika delte han i Facebook-gruppa «Førde i bilde», og fekk over 300 likes og 60 kommentarar.

– Det er artig at det blir godt motteke, seier Bruket.

I sommar besøkte han Jostein Hellevik, betre kjent som «Fotobonden» frå NRK sin dokumentarserie. Fotobonden, som legg til rette for naturfotografar som vil ta bilde av ville dyr, er ein av Bruket sine største inspirasjonskjelder.

– Eg tok litt bilde i lag med han, og fekk prata ein del med han eine dagen. Eg tok litt fri frå fotograferinga, for eg synest det var like spennande å snakke med han og få tips, seier Bruket.

Bildeserie

Sjå Tomas Oskar Hammarsø Bruket sine ti beste bilde

Skal konkurrere

Sjølv om fotograferinga berre er ein hobby for Bruket, har han også selt nokre bilde.

– Eg har fått selt litt inn i mellom. Det er kjekt at ein får til det av og til, for eg brukar mykje tid og pengar på både utstyr og mat til fuglane, seier han.

Han har nyleg også begynt å melde seg på fotokonkurransar.

– Eg har meldt meg på ein nordisk konkurranse, der det skal kårast beste fuglebilde. Bildet av sporvehauken og nøtteskrika blir eitt av dei eg legg ved der. Ein kan sende inn fem bilde i forskjellige sjangrar. Eg håpar bilda mine kan bringe resultat etter kvart, seier Bruket.