Ho er vårt nye pasient- og brukarombod: – Det blir veldig spennande

NYTT OMBOD: Ingrid Aanderud Sælen(47) er Sogn og Fjordanes nye pasient-og brukarombod.

NYTT OMBOD: Ingrid Aanderud Sælen(47) er Sogn og Fjordanes nye pasient-og brukarombod. Foto:

Ingrid Aanderud Sælen (47) skal passe på pasientane sine rettar i sin nye jobb.

DEL

– Egentleg var eg ikkje på jakt etter ny jobb. Eg trivst veldig godt der eg er i dag, men så såg eg denne stillinga som såg veldig spennande ut, seier Ingrid Aanderud Sælen.

Førde-kvinna var blant dei elleve som søkte stillinga som pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane etter at Lisa Førde Refsnes slutta i fjor.

Ser fram til å starte i jobben

Sælen er jurist og har mellom anna jobba hos NAV og Lotteritilsynet og har totalt 20 års erfaring frå det offentlege. I dag jobbar ho som juridisk seniorrådgjevar hos Arbeidstilsynet. Der har ho vore i ti år.

Medan ho på sin noverande arbeidsplass jobbar for arbeidstakarar sine rettigheiter, skal ho no ta vare på pasientane sine rettar.

– Dette er ei viktig gruppe som det er viktig å ta vare på, seier Aanderud Sælen til Firda.

– Korleis blir det å ta til i jobben trur du?

– Det blir veldig spennande å sette seg inn i eit nytt fagfelt. Eg ser veldig fram til det.

Ho og ektemannen, Bjørn Gunnar Sælen som jobbar som dommar i Sogn og Fjordane tingrett, er begge frå Bergen.

– Vi flytta til Førde i 2005 og trivst godt med å bu her. Her er det gode moglegheiter for å trene og gå i fjellet, seier tobarnsmora.

– Vi trur ho blir eit godt ombod

Planen til Helsedirektoratet var å tilsette nytt ombod rundt påsketider. Men koronaen bremsa dette.

– No har vi altså landa avgjerda og alt det formelle er i orden, seier Jan Morten Berntsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Aanderud Sælen og to andre blei kalla inn til intervjua før valet til slutt fall på 47- åringen.

– Ho har lang erfaring frå offentleg forvaltning og kjem frå Arbeidstilsynet no. Vi trur ho blir eit godt ombod for folk i Sogn og Fjordane, seier Berntsen til Firda.

Aanderud Sælen startar i jobben 7. september. Gunhild Solberg har vore fungerande ombod i perioden.

Det er i dag 15 pasient- og brukarombod i Norge. Jobben deira er å vareta pasientar og brukarane sine behov og rettar i helse- og omsorgstenester.


Artikkeltags