Han er ein av 20 som no skal kjempe om å bli kåra til Årets Fotballfrivillig 2022.

I år er det frivilligheitas år, og difor nyttar Norsk Toppfotball og OBOS sjansen til å heidre dei frivillige som står på for fotballen. Kvar klubb i OBOS-ligaen har samla inn nominasjonar frå sine regionar, og det var der Otternes kom inn.

– Eg vart nominert og plukka ut som éin av fire av Sogndal Fotball, seier han, som vart stemt fram som vinnar i den lokale avstemminga.

No står han i den nasjonale finalen og kan vinne 50.000 kroner til sin klubb.

Vore delaktig i ni år

Otternes synest det er stort å bli nominert, vinne den lokale avstemminga og kome til finalen. Han fortel at han gjer det fordi han sjølv synest det er kjekt.

– Viss ikkje, så hadde eg nok ikkje gjort det, seier han.

Han har trent laga til barna sine i ni år. I tillegg har han hatt ansvaret for barnefotballen i Førde IL i ein periode. Otternes legg ikkje skjul på at det går i mykje fotball:

– Når kvar av mine barn skal ha tre til fire treningar i veka, så blir det fort ein del. I tillegg kjem kampar, cupar og andre arrangement, seier Otternes.

Otternes har talt over kor mange kampar han har vore med på i år. Og det er ikkje få:

– Hittil i 2022 har eg vore med på 113 kampar som eg har hatt ansvaret for, seier han.

Vil dele nominasjonen med fleire

Eit av laga han har følgt lenge er G15, som i år har vunne Adidas Cup og kom som nummer to i Norway Cup.

– Desse har eg følgt sidan dei var seks år gamle. Det er kjekt å kunne skape eit godt miljø og ein god kultur for barna. Det å sjå at dei utviklar seg, forstår noko eg har sagt slik at dei blir betre. Det er ingenting som å jobbe med menneske, seier Otternes, som på dagtid jobbar i Halbrend barnehage.

Otternes fortel at arbeidet han og dei andre i Førde fotball gjer, gir han tilhøyrsle.

– Vi blir godt kjende med barna og trenarane på dei forskjellige laga. Det blir eit slags kollegialt forhold.

Han ønsker å dele nominasjonen med fleire, men trekker spesielt ein person fram i lyset:

– Kay Lorgen skulle eg gjerne delt denne med. Vi har brukt mange timar saman på fotballbanene rundt om i Førde dei siste åra, seier han.