Om lag 9 av 10 nye arbeidssøkarar i mars oppgjev permittering som årsak til at dei melder seg ledige hos NAV.

– Mange av dei ledige har eit arbeidsforhold å returnere til når denne krisa er over, men vi får òg signal frå marknaden om at mange ser dystert på situasjonen. For kvar veke som går med denne unntakstilstanden, vil fleire og fleire verksemder få utfordringar med å overleve, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding.

– Vi førebur oss på at talet på ledige vil være høgt lenge etter at tiltaka rundt koronasituasjonen er oppheva, legg Bogsnes til.

Auke i utlyste stillingar i industrien

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (5672), reiseliv og transport (5550) og serviceyrke (4218), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (205), akademiske yrke (373) og undervisning (739). Talet på ledige stillingar har gått ned med 17 % sidan mars i fjor. Innan industri er det derimot ein auke på 39 prosent.

– Ei årsak til dette kan være at ein del bedrifter har utanlandsk arbeidskraft som no sit i heimlandet, og på grunn av reiserestriksjonar ikkje har mogelegheit til å kome til Norge, seier Bogsnes.

Reiseliv og turisme hardt råka

Størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi i Øygarden (+ 1451 personer), Askøy (+1189 personer) og i Alver (+991 personer). I Bergen kommune er det no 18.032 ledige, ein auke på 13.884. Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (20,9 %), Hyllestad (19,2 %) og Ulvik (12,9 %) medan Fjaler (4,6 %), Masfjorden (4,7 %) og Gulen (4,8 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland, heiter det i pressemeldinga.