Etter ein meir enn hundre år lang lokal kamp om kva som var den rette tingstaden vann den politiske eliten i Gulen til slutt over opinionen. Sidan dei sat med maktmidla på alle plan kunne dei til sist fastsetje tingstaden si plassering gjennom politiske avgjerder, og i strid med historiske fakta.

Etter mange års fråvær vitja eg i sommar Gulatingstaden på Flolid der eg trødde mine barnesko. Plassen vart for 15 år sidan valt til Tusenårsstad for Sogn og Fjordane og er oppgradert til eit vakkert parkområde med kvitgrusa gangstiar og grøne plenar. Eit minnesmerke i form av ein søylevegg har også fått plass i kanten av Tingvollane.

Etter at fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1999 valde tusenårsstad med Gulatingsmarkering på Flolid (opna 2005) skulle ein tru at lokaliseringsstriden var avgjort. Men lokale krefter ville det annleis. Dei hadde ikkje gitt opp kampen for Eivindvik som alternativ tingstad.

Eit av gjennomslaga dei fekk var å gjere tusenårsstaden abstrakt. Det første som møter ein landevegsfarande er eit skilt med teksten: Tusenårsstaden – Gulatinget. Som om Gulatinget var noko virtuelt, uavhengig av plassering. Dermed har ein tatt avstand frå lokaliseringsspørsmålet og opna opp for at t.d. Eivindvik like gjerne kunne ha vore tingstad.

Den naturlege teksten på skiltet ville sjølvsagt vere: Gulatingstaden – Tusenårsstad. Store Norske Leksikon bekreftar
dette avviket frå normalen: «Tusenårssteder er geografiske steder. Stedene skulle fortrinnsvis
vere kulturminner av stor historisk, kulturell eller miljømessig verdi.»

Det andre – og mest graverande – var at alt før val av tusenårsstad hadde den politiske eliten i Gulen eit trumfess i bakhand: I 2001 kom professor Knut Helle ved Universitetet i Bergen ut med boka «Gulatinget og Gulatingslova». Denne boka var delfinansiert av Gulen Kommune (!) og den delen av innhaldet som omhandlar tingstaden kan berre sjåast som eit partsinnlegg for Eivindvik-alternativet. Det er verd å merke seg at av alle historiske drøftingar om kvar Gulatinget vart halde er dette den einaste opptegnelsen der Flolid og Guløy som tingstad vert snakka ned.

Gitt professor Helle sin status og autoritet som historikar er det ingen nolevande frå tilsvarande miljø som har imøtegått han. Dermed vert hans ord ståande som sanning – og attpåtil brukt som referanse i seinare skrivne bøker om emnet, mellom anna fleire bøker på Selja Forlag (Eksempel: Siri Ingvaldsen, «Gulatinget»), og på Saga bok.

Ein tredje ting som viser kor djuptgåande denne bortforklaringa av fakta har vore, er at til og med fjorden utanfor Guløy, Gulafjorden, er blitt endra på ymse kart til å heite Svabergosen (som ligg lenger aust). Gula-namnet kjem av Guløy, og dette passar ikkje inn i den nye forteljinga.

No når denne bevisste historieforfalskinga er «i boks» ligg vegen open for å desinformere besøkande på Tusenårsstaden. På oppslagstavla på staden er første setninga som møter ein denne: «Gulatinget sin opphavlege tingstad låg i Eivindvik. Tusenårsstaden som du no er på ligg i det området der kjeldene fortel at Gulatinget vart flytta til mot slutten av perioden».

Ein vil ha folk til å tru at Gulatinget vart halde om lag 350 år i Eivindvik, og (kanskje) om lag 50 år på Flolid. Alle med litt historisk innsikt og interesse, lokalbefolkning i Gulen, konspiratørane sjølve, og ikkje minst, professor Helle, veit – eller burde vite – at dette ikkje stemmer. Eg oppfattar dette som eit hån mot alle tidlegare historiegranskarar som har konkludert annleis, og eit hån mot Noreg som nasjon som har sprunge ut frå tida og tradisjonane etter vikingane og deira framifrå rettskjensle. Ei rettskjensle som har danna mønster for store deler av Europa. I ein artikkel i «Gula Tidend» 24. juni 1938 står det med referanse til Gulatinget: «Det gjeld ein av dei gjævaste minnestader frå forntidi i dei germanske landi.»

Så lenge denne dobbeltkommunikasjonen overfor tilreisande held fram, spår eg at dei bedrøveleg låge besøkstala på Tusenårsstaden vil fortsette. Så langt eg kjenner til er det stort sett lokale folk som besøker staden for å gå tur, trimme, eller lufte hunden. Eg kan sjå for meg mange tiltak som kunne gjort plassen til eit større trekkplaster dersom fokus vart sett på den eine, rette tingstaden. Tiltak som også ville betydd mykje for Eivindvik som kommunikasjonssenter i Gulen. Slik det nå er trur eg det vil kvila ein «forbanning» over alle forsøk på å skape blest om staden inntil uretten vert retta opp.

Sjølv om det er sider ved plasseringa av tingstaden i historisk tid som kan diskuterast, finst det eit stort omfang av bevis, både skriftleg og som folketradisjon, som alle peikar på Guløy/Flolid som einaste tingstad. Den som vil granske dette på eiga hand finn mykje interessant stoff på nettstadene Flolid-livlien-no og Gulatinget-lokalhistoriewiki.no.

Eg undra lenge på kva som var symbolikken bak søyleveggen i granitt på Tusenårsstaden, og korleis han kunne knytast til Gulatinget. Med tanke på striden eg har nemnt ovanfor er det nærliggande å tru at han står der for å skjule utsikta mot Guløy, den sikraste historiske referansen me har når det gjeld Gulatingstaden.