Hilde Bjørkum har fått Kongens fortenestemedalje

UTMERKING: Hilde Bjørkum har fått Kongens Fortenestemedalje for innsatsen sin for Førdefestivalen.

UTMERKING: Hilde Bjørkum har fått Kongens Fortenestemedalje for innsatsen sin for Førdefestivalen. Foto:

DEL

Hilde Bjørkum har fått Kongens fortenestemedalje for innsatsen som leiar av Førdefestivalen gjennom mange år.

– Tildelinga er ei påskjøning for arbeidet Hilde Bjørkum har gjort, og det engasjementet ho har synt, for kulturen generelt og folkemusikken spesielt, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Utmerkinga får ho først og fremst for innsatsen som kunstnarleg og administrativ leiar av Førdefestivalen i mange år. Bjørkum har vore ei drivkraft bak etablering og utvikling av denne festivalen, som under hennar leiing har vakse til å bli den største i sitt slag i Skandinavia. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EEFE award, som ein dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger, skriv Folkemusikkfesteivalen i ei pressemelding.

Markert

Bjørkum har ifølge pressemeldinga skapt nye møteplassar for utøvande folkemusikarar frå inn- og utland. Ikkje minst har Bjørkum lagt til rettes for formidling av musikken til nye publikumsgrupper og medverka til større respekt og auka interesse for denne delen av kulturen både i media og samfunnet elles.

– Ho har markert seg som svært kunnskapsrik og kvalitetsbevisst, fast forankra i den sterke folkemusikktradisjonen, men òg strategisk dyktig til å utvikle festivalen i takt med tida.

Hilde Bjørkum har dessutan lagt ned ein stor innsats på fritida, som aktiv utøvar av folkemusikk og dans, som instruktør og med tillitsverv i mange ulike organisasjonar. Som utøvar har ho særleg markert seg i dans, der ho saman med dansepartnaren sin har gått heilt til topps på Landskappleiken tre gonger, og vunne ein Kongepokal.

Den formelle utdelinga av medaljen til Hilde Bjørkum er sett på vent inn til vidare, på grunn av den spesielle korona-situasjonen i samfunnet.




Artikkeltags

Kommentarer til denne saken