Frå og med tysdag 22. november blir fylkesveg 615 ved Løkkebø mellom Hyen og Storebru stengd i periodar. Det melder Fylkeskommunen på sine heimesider.

Bakgrunnen for stenginga er bruvedlikehald. Arbeidet er venta å vere ferdig fredag 25. november.

Dette er stengetidene:

  • klokka 09.00–09.30
  • Klokka 09.45–11.15
  • Klokka 11.30–13.00
  • Klokka 13.30–15.30
  • Klokka 16.00–18.00
  • Klokka 18.05–20.05