Vestland fylkeskommune varslar på sine nettsider at arbeidet startar onsdag 22. juni, med stenging frå klokka 20.00 på kvelden.

Deretter slepp trafikken igjennom klokka 22.00 og frå midnatt til klokka eitt på natta. Frå dette tidspunktet vil vegen vere heilt stengd fram til klokka seks neste morgon.

Ramsteina rasoverbygg ligg nesten heilt inst inne i fjorden. Årsaka til reparasjonsarbeidet er at rasoverbygget har punkt med dårleg betong. Desse må no reparerast for å sikre tryggleiken til trafikantane.

– For å komme til med utstyr og maskiner er vi nøydde til å bruke heile vegbana i periodar. For å minske ulempene for fastbuande og gjennomgangstrafikk legg vi den lengste stenginga etter midnatt, seier byggeleiar Kenneth Endestad Tennefoss, på fylkeskommunen sin nettsider.

Arbeidet er meint å verte avslutta innan 17. juli.