Her var ikkje Even Hovland høg i hatten

Over det 160 meter djupe gjelet sleit fotballproffane Even Hovland og Mats Solheim litt.

Over det 160 meter djupe gjelet sleit fotballproffane Even Hovland og Mats Solheim litt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fotballproffar med ny oppleving

DEL

Tysdag gjennomførte fotballspelarane Even Hovland og Mats Solheim den populære klatreruta «Via Ferrata» i Loen.

-Vi var eit følge på fem personar, og turen vart planlagd då vi var i bryllaupet til Henrik Furebotn sist helg. Vermeldingane var fine for i dag, og vi fekk oss ein tur vi aldri kjem til å gløyme, seier Mats Solheim som for tida har nokre fridagar frå sin svenske arbeidsgjevar, Hammarby. Men fram mot helga set han kursen på ny til Stockholm.

Debut på Hovland

Mats Solheim er sjølv frå Loen, og har ein gong tidlegare gått Via Ferrata.

-Men det var før brua vart bygd, og vi berre følgde stålwiren oppover. Og i dag var både Even og eg ikkje særleg spreke når vi skulle gå over den smale og luftige brua. Faktisk var kjærastane våre, Hanna Mo og Ina-Mari Ulvedal, dei to som takla høgda best då vi gjekk over brua. Og kameraten vår, Kim Andre Navarsete frå Sogndal,  såg også ut til å takle det bra, vedgår Solheim.

Via Ferrata-brua er 120 meter lang, og har ei høgde over bakken på 160 meter, og kryssa reit gjel i 800 meters høgde i stupet rett bak Hotel Alexandra

-Det var ganske luftig, ja. Men vanvittig god oppleving når du har komme over, seier Mats Solheim.

Luftig

Og Solheim legg ikkje skjul på at landslagsstopparen Even Hovland sleit over brua.

-For å seie det slik, så var han ikkje særleg høg i hatten då han gjekk over. Og blikket var retta rett framover, gliser Solheim etter turen opp til det 1010 meter høge fjellet Hoven i Loen.

-Vi hadde ein fantastisk flott tur i eit strålande ver. Og godt å kopla av frå fotballen eit par dagar, seier Solheim.