– Det var kontroll ved RV5 i Naustdal, i ei 60-sone, i går ettermiddag, seier Tatiana Knappen, operasjonsleiar.
Ho fortel at det vart utført kontroll med UP og laser mellom klokka 19.30 og 22.00 tysdag kveld.
– Det blei skrive ut 19 forenkla forelegg for fart, og eitt gebyr for manglande bilbelte, seier Knappen.
Den høgste farten dei målte var til 76 kilometer i timen.
Det vart også gjennomført kontroll ved Nordfjordeid i går kveld. Her var den høgaste farten målt til 105 kilometer i timen.
– Kontrollen blei utført i 80-sona, og to personar fekk forenkla forelegg på staden, seier Knappen.
Les også
Gaularfjellet er ope igjen

Les også
Skal du frå Mo til Førde i ettermiddag? Då må du smørje deg med tolmod

Les også